Andre STS utdannelser:

Mitt år i Sør Afrika

Først og fremst vil eg seie at eg har hatt eit fantastisk år! Et år der eg har hatt utrulige opplevingar, møtt nye menneske og ikkje minst fått ein ny, fantastisk familie.

Heilt sidan eg var ei lita jente har eg hatt lyst til å reise ut i den store verda på utveksling. Grunnen til at valet falt akkurat på Sør Afrika, var mykje på grunn av den spanande situasjonen landet er i idag, både når det gjeld politikk og historie. Apartheid historien til landet har utan tvil gjort eit stort inntrykk på meg, men som eg merka då eg var der, er landet og folket på veg mot forsoning. I dagens Sør Afrika ser vi no svarte og kvite ungdommar hand i hand- noko som var utenkjeleg for berre 10 år sidan.

Eg opphald meg i forstaden Kloof, rett utanfor strandbyen Durban. Durban er ein utruleg spanande by. Den har ein nydeleg ”beachfront” der det er kilometervis med lange, kvite sandstrender, der er tilbrakte mange lange timar med vener. Det som òg er så flott med Durban, er det utrulege mangfaldet av kulturar som er der. Det er ein smeltedigel av menneske: zuluar, afrikaanarar, hinduar, tamilat, kvite, Cape-farga og mange andre. Å oppleve samspelet dei levde i i dag med tanke på fortida var fantastisk.

I Kloof budde eg saman med to søstre i eit lite hus og gjekk på Kloof High, den vidaregåande skulen i området. Skulen var bygd opp etter gamalt, britisk system, med streng disiplin og skuleuniform, der fokuset var å gjere ”skulen stolt” (det var stor konkurranse mellom skulane der nede, og alt dreide seg om å gjere det best mogleg akademisk og sportsleg). Likevel likte eg skulen svært godt, eg fekk mange nye vener og lærarane mine var kjempegreie. Det er ein annan ting eg likte veldig godt med Durban, folka der var så utruleg vennlege. Og venane eg fekk, har eg for livstid!

Ein annan ting med Sør Afrika som eg ikkje må gløyme er den fantastiske naturen og det rike dyrelivet dei har! Berre ein halvtimes køyring frå huset mitt var det eit lite ”game-reserve”, der dei hadde blant anna nasehorn, flodhestar, giraffar, strutsar, gnuar og alle slags antilopar. Og kjensla av å vere 5m frå eit fullvakse nasehorn eller å vere midt i ein flokk på 15 giraffar er noko eg ikkje gløymer med det fyrste!

Det var utan tvil eit år som bydde på det meste! I helgane var eg gjerne på stranda eller shopping om dagane (kjøpesentera der var heilt enorme!), og dro ut på nattklubbar og diskotek om kveldane. På kvardagane var det skule om dagen og forskjellige idrettar om ettermiddagen, som karate, dans, touch-rugby og klatring. Det var alltid noko å gjere på!

Dette året har nok vore det mest interessante og lærerike i heile mitt liv. Eg vaks opp til å bli eit nærmast vakse menneske, og sit igjen med inntrykk, minner og vener og ikkje minst ein ny familie for livet!

Sjølv om eg hadde både gode og dårlege dagar der nede som alle andre, har eg ikkje angra ein dag på mi avgjersle om å reise, det var verdt det for alt i verda!

Johanne Helene Iversen i Sør Afrika 2005
                                                                                                  


STS High School